I nyaste episode av Dalir-podden går turen til Kvikne i Nord-Fron og garden Sylte, der sauebonde Ivar Sylte tek imot til samtale om landbruk, teknologi, beredskap og livet med sau i Gudbrandsdalen.
Garden har vore i slekta i 250 år, men historia går endå lenger tilbake. Namnet Sylte kjem truleg av sump eller våtområde, og garden ligg vakkert til i dalen med lange tradisjonar for drift og matproduksjon.

I podkasten fortel Ivar om kvardagen med rundt 400 vinterfôra sauer, smarte løysingar i fjøset og korleis heile familien er med når lamminga står på. Han deler også tankar om dyrevelferd, grovfôrproduksjon i bratt terreng og inspirasjon frå studietur til Sveits.
Eit viktig tema i episoden er beredskap. Ivar meiner landbruket si rolle i norsk beredskap er altfor lite omtalt, både når det gjeld matforsyning og evna til å stille opp når naturkrefter råkar bygdene.

Samtalen handlar også om kvifor han har valt å levere til det lokale slakteriet Dalir, og kvifor han meiner fleire bønder bør støtte opp om lokale verdikjeder og bruke Dalir som samarbeidspartnar vidare.
Dalir-podden er podkasten for folk som arbeider med dyr, mat og framtida vår. Her møter du menneske som har teke eit val, og som kvar dag er med på å forme norsk landbruk.
Den nye episoden med Ivar Sylte er ute no.



