7. mai, 2026

Dalir-podden: Kvifor betyr eit lokalt slakteri så mykje?

Dalir-podden: Kvifor betyr eit lokalt slakteri så mykje?
Kva skjer når nokon vel å satse midt i hjartet av Gudbrandsdalen?


I første episode av Dalir-podden møter du dagleg leiar, Odd Erik Sveen. Gjennom samtalen får du eit innblikk i kvifor verksemda vart etablert, kva dei ønskjer å få til, og kvifor dette arbeidet betyr noko langt utover sjølve slakteriet.

Dalir handlar nemleg ikkje berre om kjøtproduksjon. Det handlar om å ta vare på lokale arbeidsplassar, byggje kompetanse i lokalsamfunnet og sørgje for at verdiskapinga blir verande der råvarene faktisk blir produserte. Når dyra er fôra opp i Gudbrandsdalen, er det naturleg at også vidareforedlinga skjer der. Slik kan ein både styrkje landbruket og bidra til eit meir robust lokalsamfunn.

Samtidig er Dalir eit toppmoderne anlegg, bygd med ny teknologi og tilpassa dagens krav. Men det som verkeleg skil dei ut, er nærleiken. Her er det kort veg mellom bonde og slakteri, mellom spørsmål og svar, og mellom folk. Produsentar kan kome innom, sjå prosessen med eigne auge og bli ein del av miljøet. Det skapar ei kjensle av eigarskap og tillit som er vanskeleg å få til på lang avstand.

Eit viktig tema i denne fyrste episoden av Dalir-podden er stoltheit. Stoltheit over råvarene frå Gudbrandsdalen, over handverket som ligg i slakting og skjering, og over dei tilsette som vel å arbeide med matproduksjon. Kvaliteten på sluttproduktet heng tett saman med heile prosessen, frå garden til ferdig vare, og nettopp derfor er kompetanse og engasjement heilt avgjerande.

Dalir opplever også noko mange andre bransjar misunner: god tilgang på lokale folk som ønskjer å jobbe der. Ungdom, sesongarbeidarar og fagfolk. Det gjev eit solid fundament for vidare utvikling.

Samstundes er framtida avheng av at fleire vel å bruke dei lokale løysingane. Utan tilstrekkeleg tilgang på råvarer blir det vanskeleg å halde oppe aktiviteten over tid.
Det store spørsmålet som ligg under heile samtalen, er difor kva som skjer dersom vi ikkje tek slike val. Dersom verdiskapinga forsvinn ut av distrikta, forsvinn også arbeidsplassar, kompetanse og liv i lokalsamfunna. Men dersom fleire vel lokalt, kan ein byggje noko som varer, til beste både for næringa og for samfunnet rundt.

Denne episoden gjev deg eit nært møte med menneska bak satsinga, og eit godt utgangspunkt for å forstå kva som står på spel.


Høyr første episode av Dalir-podden, og bli betre kjent med historia bak nysatsinga.

Les også