Dalir lanserer no sin eigen podkast – Dalir-podden. Målet er å skape engasjement rundt landbruk, matproduksjon og utviklinga av lokalsamfunn i Gudbrandsdalen.
Podden rettar seg mot alle som er opptekne av dyr, mat og framtid, og vil gi lyttarane møte med menneske som har teke aktive val, og som står i dei vala kvar dag.
– Vi ønskjer å synleggjere dei kvalitetane vi har rundt oss, og den betydninga landbruket og industrien har for lokalsamfunnet, seier dagleg leiar Odd Erik Sveen.

Gjennom samtalar med folk som er opptatt av mat og landbruk, skal podden gje eit nært og ærleg innblikk i kvardagen bak norsk matproduksjon. Ambisjonen er å løfte fram både moglegheiter og utfordringar, og å bidra til større forståing for korleis verdiskaping skjer, frå gard til ferdig produkt.
– Dette er ein måte å opne dørene på. Vi vil invitere folk tettare på det vi held på med, og skape ein arena for kunnskap og refleksjon, seier Sveen.
Dalir-podden vil bli tilgjengeleg der du vanlegvis lyttar til podkast. Fyrste episode kjem torsdag morgon 7 mai!



