I Gausdal, inst i Vestre dalføret, ligg garden Nigard Bø med fri utsikt, gode solforhold og lange tradisjonar for sauehald. Her bur og arbeider Jørgen Johansen, ein roleg og ettertenksam gardbrukar med sterk tilknyting til bygda og landskapet rundt seg.
Jørgen er bygdeentrepenør og driv i tillegg eit typisk gausdalsbruk med kring hundre vinterfôra sauer i eit ombygd kufjøs. Arbeidsåret følgjer rytmen til dyra og naturen. Våren er prega av lemming og lange dagar i fjøset, før dyra sleppast på beite innover mot fjellet. Der samarbeider fleire gardar om tilsyn og sanking gjennom eit aktivt beitelag.

Han skildrar landbruket i Gausdal som ei bygd der jord og skog går hand i hand. Mange bruk er blitt færre og større, men mjølkeproduksjon og sauehald står framleis sterkt. Samstundes er han oppteken av at bygda må halde fram med å vere levande, med skular, arbeidsplassar og folk i husa. For Jørgen handlar landbruk ikkje berre om produksjon, men også om busetjing, fellesskap og framtidstru.
På garden er det kvit sau som dominerer, og han legg særleg vekt på gode moreigenskapar og solide dyr. Drift og økonomi krev nøkternheit og tilpassing, men han driv også utvikling. Tankar om nytt fjøs og framtidige investeringar ligg der, sjølv om han meiner det må kome nye generasjonar til for at dei store løfta skal vere realistiske.

Jørgen er også oppteken av lokale initiativ og verdiskaping i distrikta. Difor valde han å levere slakt til Dalir på Otta. Han trekkjer fram det lokale engasjementet, arbeidsplassane og den gode dialogen som viktige grunnar til valet. Det viktigaste for han er å byggje opp noko nytt og berekraftig i regionen.

Møtet med Jørgen Johansen gjev inntrykk av ein jordnær mann med stor respekt for både dyr, natur og menneska rundt seg. Han representerer eit landbruk som er tett knytt til bygda si historie, men som samstundes finn ein veg vidare inn i framtida.




