Åpnes i en ny fane

17. november, 2026

Alf Tore (21) satsar i Skjåk

Etter mange år utan husdyr i fjøset på Mogard i Skjåk er det igjen liv mellom fjøsveggane. 21 år gamle Alf Tore Mogard har starta med kjøttfeproduksjon, investert i landbruksmaskiner og tilbyr både leigekøyring og avløysartenester. Den unge bonden har stor tru på framtida for norsk landbruk – og er ikkje i tvil om kva slakteri han vil samarbeide med.

– Eg har tru på norsk landbruk og norsk mat, seier Alf Tore Mogard.

På garden Mogard, sentralt i Bismo i Skjåk, har det vore stille i fjøset i mange år. Tidlegare var det mjølkeproduksjon her, men etter at drifta vart lagt om, stod fjøset tomt.

I april 2026 kom det igjen husdyr inn dørene. Alf Tore hadde bestemt seg for å satse på kjøttfe, og dei første Hereford-kvigene flytta inn.

– Det er triveleg å ha dyr, og når vi har både fjøs og gode utmarksbeite, må vi prøve å utnytte dei ressursane vi har, fortel han.

Frå tomt fjøs til ny produksjon

Det gamle fjøset frå 1968 er tilpassa den nye drifta. Alf Tore har gjort mykje av arbeidet sjølv, mellom anna ved å byggje liggjeplassar og montere brukt innreiing frå eit anna fjøs i Skjåk. Det er ei praktisk og nøktern tilnærming til det å starte som ung bonde.

Hereford er ein kjøttferase som eignar seg godt til beiting. Planen er kalving om våren, ein lang beitesesong og bruk av utmarksressursane ved Liavatnet i Skjåk. Alf Tore ønskjer at dyra skal vere mest mogleg ute gjennom sommarhalvåret.

På lengre sikt har han ambisjonar om å utvikle produksjonen vidare.

– Når eg tek over sjølv, blir det anten påbygg eller nytt fjøs. Eg har lyst til å satse på større ammekuproduksjon, fortel han.

Satsar på leigekøyring og avløysartenester

Ved sida av husdyrproduksjonen byggjer Alf Tore opp si eiga verksemd med tenester til andre gardbrukarar.

Han har investert i traktor og slåtteutstyr, og vil tilby mellom anna slått, rundballepressing og pløying. På sikt kan det også bli aktuelt å utvide med fleire maskiner og tenester.

Han har erfaring frå fleire år som avløysar i mjølkeproduksjon, og kjenner godt til arbeidskvardagen i landbruket. Med eiga drift og tenester for andre ønskjer han å skape eit godt grunnlag for å kunne leve av landbruket.

Alf Tore trekkjer også fram det gode landbruksmiljøet i Skjåk. Her er det fleire unge som satsar, og bøndene er flinke til å hjelpe kvarandre.

Valgte Dalir – både for dyra og lokalsamfunnet

Då Alf Tore skulle velje slakteri, var han aldri særleg i tvil.

– For meg var det eigentleg berre eitt val. Det var Dalir, fortel han.

Han legg særleg vekt på kort transportveg for dyra, god service og verdien av å støtte lokale arbeidsplassar.

Lokalmat er ein del av framtidsplanane

På Mogard er det også lange tradisjonar for lokalmatproduksjon. Familien driv med kjøttforedling, og mellom produkta finn vi kjøttkaker, karbonadar og tradisjonell julemat.

Alf Tore ser føre seg at også kjøttet frå hans eigne dyr etter kvart kan bli ein del av denne verksemda. Planen er å bruke Dalir til slakting og deretter ta kjøttet tilbake til vidare foredling og sal lokalt. Slik kan verdikjeda bli kort, frå beite og fjøs i Skjåk til slakteriet på Otta og vidare til kundane.

Har tru på framtida

Det er ikkje sjølvsagt at ein 21-åring vel å investere i landbruket. Men Alf Tore Mogard ser moglegheiter der andre kanskje ville sett utfordringar. Med husdyr i eit tidlegare tomt fjøs, investeringar i maskiner og planar om vidare utvikling er han ein av dei unge som ønskjer å skape seg ei framtid i næringa.

– Eg trur folk blir meir og meir opptekne av å kjøpe norsk mat. Det har eg tru på framover, seier han.

Høyr heile samtalen med Alf Tore Mogard i Dalir-podden.

Her fortel han om oppstarten med kjøttfe, investeringane, landbruksmiljøet i Skjåk og kvifor han meiner det er viktig å ha eit lokalt slakteri.

Hør alle episodene på Spotify

Les også