Han har meir enn 20 års erfaring frå Nortura og kjenner norsk kjøtindustri frå innsida. No tek Erik Høeg over som styreleiar i Dalir. Kvifor seier han ja til oppgåva – og kva ser han når han vurderer Dalir med nye auge?
Dalir har lagt bak seg det første året med ny fabrikk, nye medarbeidarar, nye produsentar og nye kundar. No meiner den nye styreleiaren at selskapet går inn i ein ny fase.
Erik Høeg legg ikkje skjul på at det er ei krevjande oppgåve han har sagt ja til. Men nettopp det var ein del av motivasjonen.
Han ser eit selskap med stor betydning for lokalsamfunnet, lokal matproduksjon og verdiskaping – og eit prosjekt han har stor tru på.
– Vi kjem til å lykkast. Det er eit beinhardt prosjekt i fleire år framover, men det er viktig å lykkast, og den planen har vi klar.
Høeg har over 20 års erfaring frå Nortura, mellom anna frå konsernleiinga, og har arbeidd i fleire delar av norsk matindustri. No skal den erfaringa brukast til å ta Dalir vidare frå oppstart til ein meir etablert og lønsam fase.
Og oppskrifta høyrest nesten overraskande enkel ut:
– Jobben min er å gjere dette uspennande.

For den nye styreleiaren handlar det om tydelege planar, struktur, kontroll på inntekter og kostnader, utvikling av fabrikken – og ikkje minst å gjere seg fortent til tilliten frå endå fleire produsentar.
For konkurransen om bonden skal Dalir møte med det som betyr noko i kvardagen: pris, service, nærleik og tilgjengelegheit.
I den nye episoden av Dalir-podden møter du Erik Høeg på dagen for hans første styremøte som styreleiar. Vi snakkar om utfordringane, moglegheitene, økonomien, veksten og kvar han meiner Dalir skal vere om fem–ti år.
Og han har ei klar oppmoding til bønder som vurderer Dalir:
– Kom innom. Ta ein kaffe. Snakk med oss om kva vi kan gjere for deg. Velkommen!
🎧 Høyr den nye episoden av Dalir-podden – der du høyrer podkast.




