Kor trygt er det eigentleg å velje Dalir? Kven står bak satsinga på Otta – og kva vil eigarane med slakteriet på lang sikt? I den nye episoden av Dalir-podden møter vi Guro Espeland, som representerer eigarane.
For ein bonde handlar valet av slakteri om langt meir enn pris. Det handlar om tillit, oppfølging, føreseielege vilkår – og om å vite at den du leverer til også skal vere der i framtida.

Guro Espeland kjem frå ei familieverksemd med røter heilt tilbake til 1896. Langsiktig tenking ligg med andre ord i ryggmergen.
Og bodskapen hennar om Dalir er klar:
– Du byggjer ikkje eit slakteri for eitt eller to års drift. Dette er bygd for generasjonar.

I episoden snakkar vi om kvifor eigarane valde å satse på Otta, kva over 500 produsentar betyr for Dalir, kvifor fleire må med på laget – og kva bønder som framleis sit litt på gjerdet kan forvente dersom dei prøver Dalir.
Guro legg heller ikkje skjul på at Dalir framleis er i ein oppstartsfase. Ambisjonen er å byggje verksemda stein for stein, få større volum og skape eit robust og lønsamt slakteri med mange arbeidsplassar og stor lokal verdiskaping.
Og til bonden som framleis vurderer, har ho ei enkel oppmoding:
Prøv oss. Dalir skal gjere alt vi kan for at du skal bli fornøgd.
🎧 Høyr den nye episoden av Dalir-podden – der du høyrer podkast.




