Kva kjenneteiknar god dyrevelferd? Korleis står det eigentleg til med dyra i norsk landbruk? Og kva rolle spelar bonden i dette arbeidet?
I den nyaste episoden av Dalir-podden møter vi veterinær Hege Vaagaasar frå Vågå. Ho har bakgrunn både frå praktiserande veterinærarbeid, Mattilsynet og slakteribransjen, og har gjennom eit yrkesliv sett norsk husdyrhald frå mange ulike perspektiv.
Vaagaasar voks opp på gard med mjølke- og kjøttproduksjon og utdanna seg til veterinær i Tyskland. Etter fleire år som veterinær i Nord-Noreg, England og seinare i Mattilsynet, fekk ho ei unik innsikt i korleis dyrevelferda fungerer i praksis.
I podkasten fortel ho at norsk dyrevelferd i hovudsak er god.
– Dei aller fleste bønder gjer ein svært god jobb. Dyrevelferd handlar ikkje berre om bygningar og teknologi, men om menneska som steller dyra kvar einaste dag, seier Vaagaasar.
Gjennom samtalen kjem ho inn på alt frå transport av dyr og moderne teknologi i fjøset til psykisk helse hos dyr, utfordringar i internasjonalt landbruk og korleis forbrukarane sjølve kan påverke utviklinga gjennom vala dei gjer i butikken.
Ho peikar også på den enorme arbeidsinnsatsen norske bønder legg ned.
– Det som imponerer meg mest, er bøndene som er på jobb dag og natt, sommar og vinter, jul og påske. Det er ein innsats mange ikkje er klar over, seier ho.
Episoden gjev eit innblikk i korleis dyrevelferd blir vurdert frå veterinærens ståstad, og kva som skal til for å sikre friske dyr og trygg matproduksjon.
Du kan høyre heile episoden av Dalir-podden der du lyttar til podkast.




