På Lesja møter vi Anne-Marie Haave Kolstad og Aasmund Kolstad på Storkolstad – ein gard der tradisjon, framtidstru og nyskaping går hand i hand. I den nyaste podkasten frå Dalir fortel dei om kvardagen som aktive bønder i ei av dei største landbrukskommunane i landet.
– Nesten halvparten av innbyggjarane i Lesja er knytte til landbruket på ein eller annan måte, fortel Anne-Marie.
På garden driv familien med mjølkeproduksjon, kjøtproduksjon og sauehald. Samstundes har dei dei siste åra satsa stort på kulturturisme og restaurering av gamle bygningar.

Åsmund fortel om utviklinga på garden og korleis investeringa i mjølkerobot i 2019 endra arbeidskvardagen.
– Det burde vi eigentleg gjort tidlegare. Dyra er rolegare, kvardagen er mindre stressande, og vi sparer mange arbeidstimar kvar dag, seier han.
I tillegg til mjølkekyr har dei Charolais-kjøtproduksjon og gammalnorsk spælsau som mellom anna blir nytta til beitepussing og utmarksbruk.
Ved sida av landbruket har familien restaurert gamle hus på garden for overnatting og servering. Det gamle våningshuset på Storkolstad er no gjort om til eit samlingspunkt med plass til både gjester og arrangement.

– Folk ønskjer å oppleve noko ekte. Dei gamle husa har ei eiga ro og stemning som mange set pris på, seier Anne-Marie.
Restaureringa er gjennomført med vekt på berekraft, gjenbruk og energiløysingar som grunnvarme. Familien arbeider også med miljøfyrtårnsertifisering.
Begge meiner landbruket står sterkt i Lesja, og peikar på at mange unge ønskjer å satse vidare i næringa.
– Det er mange som har tru på framtida her. Vi ser stor interesse for naturbruk blant ungdommane, seier Anne-Marie.
Ho understrekar òg kor viktige ringverknadene frå landbruket er for lokalsamfunnet.
– Kvart aktive bruk skaper aktivitet og arbeidsplassar langt utover sjølve garden.
I podkasten fortel dei også om erfaringane med å levere storfe til Dalir.
– Vi er veldig nøgde. Det var ryddig kommunikasjon, god oppfølging og raskt oppgjer. Og så betyr det mykje å støtte lokale arbeidsplassar i Gudbrandsdalen, seier Anne-Marie.
Åsmund er tydeleg i oppmodinga til andre produsentar:
– Er du i tvil om du skal levere til Dalir, så er det berre å gjere det. Her får du både raskt og godt oppgjer.



