I den nyaste episoden av Dalir-podden møter vi Ivar Hammerdalen frå Garmo i Lom kommune. Ein røynd bonde som har utvikla garden sin frå eit lite utgangspunkt med mjølkekvote på knapt 50 tonn til ei moderne drift med mjølkeproduksjon på nærare 450 tonn og storfekjøt.
Gjennom samtalen deler han erfaringar frå eit arbeidsliv i landbruket, om investeringar, robotfjøs og kvardagen i fjøset. Trass i utfordringar er bodskapen klar: moglegheitene i landbruket er der for dei som vil satse.

Å bruke eit lokalt slakteri handlar ein om heilskap for Ivar Hammerdalen. Betre dyrevelferd gjennom kortare transport, tettare dialog, raskare oppgjer og ikkje minst styrking av lokale arbeidsplassar og næringsliv. Han løftar fram verdien av å ha eit moderne slakteri i Gudbrandsdalen, og understrekar at det gjev tryggleik for han som er så glad i dyra sine, at dei blir godt ivaretekne heilt fram til siste ledd.
Vi inviterer deg til å høyre heile samtalen med Ivar Hammerdalen i Dalir-podden. Her får du eit ærleg og inspirerande innblikk i kvardagen på ein norsk gard, og tankar som kan vere verdifulle for alle som er opptekne av framtida i matproduksjonen.



